Dato: Måndag 10. november – fredag 14. november 2025
Tid: Kl. 08:45 – 14:00 kvar dag
Stad: Herøy vidaregåande skule
Denne veka får du ei moglegheit til å sjå nærare på dei ulike utdanningsprogramma vi tilbyr.
Vi gler oss til å møte deg og alle dei andre flotte 10. klassingane i distriktet vårt!
Viktig informasjon
- Alle programområde startar dagen med felles oppmøte kl. 08:45 i vestibylen ved hovudinngangen.
- Dagen avsluttar kl. 14:00.
- Elevane må ha med og bruke høvelege klede til aktivitetane.
Dagsplan
| Tidspunkt | Aktivitet |
|---|
| 08:45 – 09:00 | Felles velkomst i vestibylen |
| 09:00 – 12:00 | Samtale med elevar og lærarar, omvising og faglege aktivitetar |
| 12:00 – 12:30 | Matpause |
| 12:30 – 14:00 | Faglege aktivitetar held fram |
Informasjon om dei ulike utdanningsprogramma
🔨 Bygg- og anleggsteknikk (BA)
- Du skal vere ute – ta med varme klede.
🛥️ Naturbruk (NA)
- Du skal ut i båt om vêret er bra – ta med varme klede og støvlar.
⚙️ Teknikk og industrielle fag (TIF)
- Ta med kjeledress, vernebriller og vernesko om du har.
- Har du langt hår? Ta med hårstrikk – viktig ved bruk av roterande verktøy.
❤️ Helse- og oppvekstfag (HO)
- Kle deg lett – du kan bli med på praktiske aktivitetar.
🍽️ Restaurant- og matfag (RM)
- Bruk gode, reine og stødige sko.
- Har du langt hår? Bruk hårstrikk på kjøkkenet.
- Ikkje bruk hettegenser eller ullgenser – ta på T-skjorte.
- Du får utdelt forkle og skotrekk.