Hospiteringa skal hjelpe deg som går i 10. klasse til å bli betre kjend med vidaregåande opplæring før du skal velje utdanningsprogram. Du har sjølv valt kva utdanningsprogram du ønskjer å besøke. Denne dagen får du sjå nærare på akkurat dette tilbodet og få eit innblikk i korleis det er å vere elev hos oss.
Du vil møte både elevar og lærarar, få sjå skulen og delta i ulike faglege og praktiske aktivitetar. Still gjerne spørsmål undervegs, dette er dagen din til å finne ut meir om eit utdanningsprogram du vurderer.
Når og kvar skal eg møte?
- Hospitering: veke 46
- Oppmøte: Oppmøte kl. 08.45 ved hovudinngangen
- Adresse: Lisjebøvegen 4, 6091 Fosnavåg
- Dagen er ferdig: kl. 14.00
Når du kjem, møter du ved hovudinngangen. Vi tek imot deg der, namnet ditt blir ropt opp, og du blir følgd vidare til utdanningsprogrammet du skal besøke. Du treng ikkje vite kvar klasserom, verkstad eller andre lokale ligg på førehand – vi hjelper deg vidare.
Kva skjer denne dagen?
Hospiteringsdagen er ikkje meint som ein vanleg skuledag. Vi ønskjer at du skal få sjå, prøve, oppleve og spørje.
- møte elevar som allereie går på utdanningsprogrammet
- møte faglærarar
- sjå klasserom, verkstader og andre fasilitetar
- prøve praktiske oppgåver
- lære meir om programfaga
- høyre om korleis ein vanleg skulekvardag kan vere
- stille spørsmål om utdanninga og moglegheitene vidare
Dette må du hugse
Mat og drikke: Ta med matpakke og drikke. På Restaurant- og matfag blir det servert varm lunsj som ein del av opplegget.
Klede og utstyr: Les informasjonen for utdanningsprogrammet du skal besøke. Nokre aktivitetar krev varme klede, gode sko eller anna utstyr.
Utdanningsprogramma våre
Teknologi- og industrifag – TIF
På TIF får du prøve ulike delar av programfaga. Opplegget kan mellom anna innehalde sveising, maskin, elektro og teikning på datarom.
Hugs: Dersom du har kjeledress, vernebriller og vernesko heime, kan du ta dette med. Har du langt hår, må du ha med hårstrikk og bruke dette ved arbeid med roterande verktøy.
Bygg- og anleggsteknikk – BA
På BA får du delta i ulike aktivitetar og få eit innblikk i kva ein skulekvardag på bygg- og anleggsteknikk kan innehalde. Ein stor del av dagen vil gå føre seg i bygghallen og utandørs.
Hugs: Kle deg etter vêret. Thermodress eller gode ytterklede og ull inst er anbefalt. Ta klede som toler å bli litt skitne.
Helse- og oppvekstfag – HO
På HO får du oppleve ulike aktivitetar og fagområde innan helse- og oppvekstfag. Du vil vere saman med elevar og lærarar. Dagen kan innehalde praktiske oppgåver, omvising, korte faglege økter og tid til spørsmål.
Hugs: Kle deg lett og praktisk, sidan du kan få delta i aktivitetar.
Naturbruk – NA
Naturbruk har delar av undervisninga si i Nørvågen, der skulen har båtane sine. Du møter først ved hovudinngangen på Herøy vidaregåande skule og blir køyrd vidare derifrå. Du får prøve praktiske oppgåver knytte til arbeid på sjø og lære meir om fag, praksis og skulekvardagen på Naturbruk.
Hugs: Ta med varme klede og støvlar. Dersom vêret er bra, er planen å dra ut i båt. Det kan også bli mogleg å prøve overlevingsdrakt i sjøen. Dersom du ønskjer dette, må du har med ekstra klesskift.
Restaurant- og matfag – RM
På Restaurant- og matfag får du vere med på praktisk undervisning på kjøkkenet og i Restaurant Lykken. De skal lage mat saman, og til slutt får hospitantane vere gjestar i restauranten og ete maten de har produsert.
Hugs: Ta på gode, reine og stødige sko. Har du langt hår, må du bruke hårstrikk på kjøkkenet. Ikkje bruk hettegenser eller ullgenser, bruk T-skjorte. Forkle og skotrekk får du hos oss. Har du matallergi, må du gi beskjed til læraren ved starten av dagen.