Dei vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre vil få besøk av alle 9.- klassingane i veke 11. Dei skal få informasjon om så mange utdanningsprogram som mogleg, både studieførebuande og yrkesfaglege.
Herøy vgs vil også invitere til open skule på kveldstid onsdag i veke 11 slik at føresette og andre interesserte kan få sjå kva tilbod det vert gitt opplæring i her. I tillegg får ein sjå korleis opplæringa vert organisert på dei ulike utdanningsprogramma. Mykje av undervisninga på HVS er praktisk retta, og i orienteringa og omvisinga vil elevar og lærarar vise dette.
I tillegg vert leiinga ved skulen tilgjengeleg for spørsmål om vidaregåande opplæring.
Vel møtt til open skule!
Vennleg helsing Herøy vgs
Tore Tangen
rektor