Vi er svært glade for at mange tiandeklassingar kvart år vel å hospitere ved dei ulike programområda våre, som ei oppfølging av Karrieredagane som dei deltek på no i september. Elevane vel sjølve kva programområde dei vil fordjupe seg i under hospiteringa.
Både elevar og lærarar ved Herøy vidaregåande skule vil gjere sitt beste for å gi elevane eit godt innsyn og ei god oppleving av innhaldet i ein skuledag, og kva moglegheiter som finnast ved vår skule.
Oppmøte:
Vi tek imot elevane den dagen dei kjem til ein felles oppstart kl.09:00 inne ved hovudinngangen vår.
Etter ei kort økt med informasjon, går dei i samla flokk til aktuelt klasserom/ verkstad i lag med ein lærar/elev frå kvart programområde.
Slutt:
Skuledagen vert avslutta kl.14:00 for alle som er på hospitering, uavhengig av utdanningsprogram.
Ta med!
Alle må ha med matpakke, drikke og skrivesaker. Vi har kantine på skulen som er open til 12:30.
Utstyr:
Er det krav til arbeidsantrekk eller verneutstyr, vil elevane stort sett få lånt dette, men det kan vere ulike omsyn ein bør tenke over alt etter kva linje ein skal besøk, som varme klede