Karriererettleiing for flyktningar

Denne sida er for programrådgivarar og andre som arbeider med introduksjonsprogram. Her finn du informasjon om korleis du bestiller karriererettleiing for deltakarar som er omfatta av integreringslova.

Ta kontakt med karrererettleiar i din region for å avtale karriererettleiing. 

Flyktningar med rett og plikt til karriererettleiing

Deltakarar i introduksjonsprogrammet har rett og plikt til å gjennomføre karriererettleiing. Før rettleiinga må kommunen fylle ut  Kartlegging av medbrakt kompetanse (imdi.no)

Felles rutinar for kommune og fylkeskommunen

  1. Programrådgivar bestiller karriererettleiing per e-post. 
  2. Programrådgivar sender DUF-nr og anna relevant informasjon i god tid før rettleiinga.
  3. Programrådgivar førebur deltakaren på kva karriererettleiinga kan handle om.
  4. Ei individuell karriererettleiing varer i inntil 1,5 time.
  5. Fylkeskommunen bestiller tolk til ved behov.
  6. Karriererettleiinga er ein samtale mellom karriererettleiar og deltakaren. Programrådgivar kan unntaksvis delta etter avtale med karriererettleiar. 
  7. Karriererettleiar skriv notat i IMDI-nett etter gjennomført rettleiing.

Flyktningar etter midlertidig lov (ukrainarar) 

Personar med midlertidig opphaldsløyve (ukrainarar) har rett til karriererettleiing, men ikkje plikt. Dette tilbodet blir gitt i grupper.

  • Ei grupperettleiing varer i inntil 4 timar.
  • Kommunen avtalar tidspunkt, stad og antal deltakarar per gruppe med karriererettleiaren i regionen.
  • Fylkeskommunen bestiller oppmøtetolk ved behov. 
  • Språkassistent kan brukast dersom det er mogleg. 

Ta kontakt for å avtale grupperettleiing. 

Eter grupperettleiinga kan nokre deltakarar få tilbod om individuell karriererettleiing. Kommunen og deltakaren må saman vurdere om det er behov for individuell karriererettleiing, og kva rettleiinga skal bidra til. 

Info til ukrainarar om karriererettleiing i gruppe

I karrierettleiing i gruppe snakkar vi om kva som er viktig for å ta gode og velinformerte val om arbeid og utdanning. Vi snakkar også om korleis du kan bruke erfaringane og ferdigheitene dine i Noreg. Karrierettleiing i gruppe kan bidra til å gjere deg bevisst på kompetansen din og moglegheitene dine. Vårt fokus er å hjelpe deg til å bli klar over kva styrker, interesser og kompetanse du har, eller kan utvikle, for å nå dine mål i arbeidslivet.

Her er nokre av temaa:

  • Karriere og karrierekompetanse
  • Utdanning
  • Arbeidsmarknad
  • Jobbsøkarprosessen 
  • Nyttig informasjon på nett

Інформація про кар'єрне консультування у групі

Під час кар'єрного консультування у групі ми обговорюємо, що важливо для прийняття правильних і інформованих рішень щодо праці та освіти.

А також, як ви можете використовувати ваш попередній досвід та навички в Норвегії. Кар'єрне консультування у групі може допомогти вам усвідомити ваші
компетенції та можливості. Наша мета - допомогти вам усвідомити ваші сильні сторони, інтереси та компетенції, які ви маєте або можете розвивати, щоб досягти своїх цілей у сфері праці.

Ось огляд деяких тем:

  • Кар'єра та кар'єрні компетенції
  • Освіта
  • Ринок праці
  • Процес пошуку роботи
  • Корисна інформація в Інтернеті