Helsesjukepleiar tysdagar og torsdagar kl.10.00 - 14.00

Skulehelsetenesta er drifta av kommunen, og driv førebyggande helsearbeid for barn og unge. Vi arbeider etter nasjonale retningslinjer frå Helsedirektoratet.

Tilbodet skal være lavterskel og er gratis å nytte seg av. 

Du treng ikkje avtale tid på førehand. Om du ønsker ein avtale, kan du ringe eller sende sms. Har du praksis eller anna som gjer trefftid vanskeleg nå?           Ta kontakt uansett, så finn vi ei tid som fungerer for deg. Følg med i kanalen «skulehelseteneste»  på Teams for informasjon om tenesta. Kontoret til helsesjukepleiar ligg i 1.etg i «gamlebygget», ved naturfagrommet.

Rettigheiter: Time med helsesjukepleiar er dokumentert fråvær og skal ikkje telle med i fråværsgrensa. Du får med attest på oppmøte ved behov. 

Helsesjukepleiar har teieplikt. Det betyr at vi ikkje kan dele informasjon om deg, utan at du har godkjent det. Helserettsleg myndigheitsalder i Noreg er 16 år. Det vil seie at frå du fyller 16 år, bestemmer du over eiga helse. Føresette har likevel ansvar for deg fram til du er 18 år. Dersom det er naudsynt at foreldre får informasjon for å kunne ta vare på deg, har dei rett til det. Då skal du få vite det først. Ved mistanke om mishandling, omsorgssvikt eller alvorlege lovbrot  har vi meldeplikt til barnevern/politi. 

Ved Herøy vgs. er det Mari Paulsen Dalsbø som har skulehelsetenesta, ho er helsesjukepleiar og tilsett ved Herøy helsestasjon.

Tlf: 99 21 00 18  

Mari.paulsen.dalsbo@heroy.kommune.no