Du kan oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre og bestå vg3 påbygning til generell studiekompetanse etter at du har
- fullført og bestått vg1 og vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller
- har oppnådd yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev)
Kor mange fag du må ha avheng av om du går vg3 påbygning eller vg4 påbygning.
Etter Vg1 og Vg2 på yrkesfag treng du desse faga:
Norsk, 10 timar i veka
Historie, 5 timar i veka
Naturfag, 3 timar i veka
Matematikk 2P-Y, 5 timar i veka
Kroppsøving, 2 timar i veka
Valgfritt programfag, 5 timar i veka. Kva fag du kan velja mellom avheng av kva skulen tilbyr.
Har du yrkeskompetanse treng du desse faga:
Har du yrkeskompetanse slepp du faga kroppsøving og valfritt programfag. Du manglar altså berre fire fag for å få generell studiekompetanse:
Norsk, 10 timar i veka
Historie, 5 timar i veka
Naturfag, 3 timar i veka
Matematikk 2P-Y, 5 timar i veka
Les meir om påbygging til generell studiekomptanse på vilbli.no