Du lærer
- om kosthald, næringsmiddel og ernæring
- tillaging og servering av mat
- behandling av råvarer, mat og drikke
- om mattradisjonar
- om helsefremjande livsstil og hygiene
Du bør
- ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt ha handlag
- vere kreativ og nøyaktig
- vere serviceinnstilt
Du kan bli
- kokk, ernæringskokk eller servitør
- bakar eller konditor
- pølsemakar eller kjøttskjerar
- slaktar eller ferskvarehandlar
- fagarbeidar i sjømatproduksjon eller industriell matproduksjon
Sjå alle yrke og kompetansar
Arbeidsstader
- hotell- eller restaurantnæringa
- sjukehus og helseinstitusjonar
- næringsmiddelindustrien
- bakeri, konditori eller slakteri
- forretningar som sel ferskvarer
Vidare utdanning
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
- Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
- Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
- Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
- etter Vg2 eller
- etter oppnådd yrkeskompetanse
Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag. - Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.