Du lærer
- om naturmaterialar og landskapsutforming
- om fiske- og friluftsliv
- om dyrestell og dyrevelferd
- om planteliv og naturprosessar
- om biologisk produksjon
Du bør
- ha anlegg for praktisk arbeid
- vere interessert i utendørs arbeid
- vere omsorgsfull overfor menneske, dyr og miljø
Du kan bli
- gartnar eller agronom
- skogsoperatør
- hovslagar eller hestefaglært
- fagarbeidar i reindriftsfaget
- fiskar eller fagarbeidar i akvakultur
Sjå alle yrke og kompetansar
Du oppnår
Arbeidsstader
- nyanlegg og vedlikehald i offentleg og privat verksemd
- landbruk eller skogbruk
- gartneri eller hagebruk
- fiske eller fiskeoppdrett
- reindrift
Vidare utdanning
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
- Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
- Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
- etter Vg2 eller
- etter oppnådd yrkeskompetanse
Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag. - Du kan ta studieførebuande Vg3 naturbruk
Da har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Avhengig av tilbodet ved skolen kan du velge realfag som gir kompetanse for høgare utdanning innan f.eks. miljø- og biovitskap. - Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.