Du lærer
- om helsefremjande arbeid
- om fysisk og psykisk helse
- om korleis kroppen er bygd opp
- om kommunikasjon og samhandling
- om utviklinga til barn og unge
- om kost, ernæring og hygiene
Du bør vere
- omsorgsfull og omsynsfull overfor menneske
- flink til å kommunisere
- god til å samhandle med andre
Du kan bli
- helsefagarbeidar, ambulansearbeidar eller portør
- aktivitør eller eller barne- og ungdomsarbeidar
- apotekteknikar, helsesekretær eller tannhelsesekretær
- hudpleiar, fotterapeut eller ortopediteknikar
Sjå alle yrke og kompetansar
Arbeidsstader
- sjukehus, sjukeheim eller heimeteneste
- barnehagar eller skolefritidsordningar
- apotek, tannlege- eller legekontor
- fot- eller hudpleiesalongar
Vidare utdanning
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
- Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
- Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
- etter Vg2 eller
- etter oppnådd yrkeskompetanse
Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag. - Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.