Du lærer
- produksjon og oppføring av nye bygningar og anlegg
 - ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg
 - om klima og teknologi
 - om bruk av teikningar, skildringar og utrekningar
 - om kvalitet og tryggleik
 - materialkunnskap
 
Du bør vere
- praktisk og ha godt handlag
 - sjølvstendig og nøyaktig
 - god til å samarbeide
 
Du kan bli
- veg- og anleggsfagarbeidar eller asfaltør
 - anleggsgartnar eller anleggsmaskinførar
 - målar, murar, tømrar eller røyrleggjar
 - stillasbyggjar, taktekkjar eller blekkslagar
 - snikkar eller glasfagarbeidar
Sjå alle yrke og kompetansar 
Arbeidsstader
- offentleg eller privat verksemd
 - større eller mindre handverksbedrifter
 - industri- eller entreprenørbedrifter
 
Vidare utdanning
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
- Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
 - Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
 - Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
- etter Vg2 eller
- etter oppnådd yrkeskompetanse
Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag. - Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.