Læreplanar og kompetansemål
Eksamensoppgåvene blir i hovudsak laga med utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen for faget du går opp i.
For gjennomgåande fag (fag som går over fleire skoleår) kan du også få oppgåver som også bygger på kompetansemål frå tidlegare årstrinn. Dette gjer at du får vist breidda i det du kan, og korleis du koplar saman kunnskap frå heile opplæringsløpet.
Dette gjeld desse faga:
Eksamensrettleiingar til skriftleg eksamen
I eksamensrettleiinga for kvart einskilde fag finn du informasjon om oppgåvetypar, tillatne hjelpemiddel, vurderingskriterium og om du treng spesiell programvare til eksamen.
Eksempel på tidlegare gitte skriftlege eksamensoppgåver
Du kan laste ned tidlegare gitte skriftlege eksamensoppgåver for å førebu deg til eksamen. Nokre oppgåver er passordbeskytta. Ta kontakt med skolen eller eksamenskontoret for å få oppgitt passord.
Nokre eksamenar har førebuingsdag
Skriftleg eksamen
Nokre skriftlege eksamenar har førebuingsdag. Dersom din eksamen har ein eigen førebuingsdag, vil det stå på www.kandidat.udir.no. Slik sjekkar du det:
- Gå inn på «Sjå praktisk info for eksamen og førebuingsmateriell»
- Skriv inn fagkode eller fagnamn
- Sjå info →
På førebuingsdagen skal du ikkje møte opp på skolen, men laste ned førebuingsdelen frå Udir og arbeide med den heime.
Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen
- Praktiske eksamenar har førebuingsdag. Då må du møte opp på skolen.
- Munnleg og munnleg-praktisk eksamen har ikkje eigen førebuingsdag for privatistar, men ein kort førebuingstid på sjølve eksamensdagen (30 min. for munnleg og 45 min. for munnleg-praktisk).
Sjekkliste PC/Mac før eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Dette skjer på eksamensdagen