Nytt skuleår 2022 & 2023

Kjerneverdiane til Herøy vgs er respekt, tillit, tryggleik, humør, trivsel, meistring og kvalitet. Elevar og tilsette skal merke at dette er viktige verdiar som vi legg vekt på i skulekvardagen.

Skuleåret 22-23 har vi følgjande tilbod: vg1 Bygg- og anleggsteknikk (1 kl), vg1 Helse- og oppvekstfag (3 klasser), vg1 Naturbruk (1 klasse), vg1 Restaurant- og matfag (1 klasse), vg1 Teknologi- og industrifag (3 klasser), vg2 Tømrar (1 klasse), vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag (1 klasse), vg2 Helsearbeidarfaget (1,5 klasse), vg2 Fiske og fangst (1,5 klasse), vg2 Kokk- og servitørfag (1 klasse), vg2 Industriteknologi (1 klasse), vg2 Maritime fag (2 klasser), vg3 Påbygg generell studiekompetanse (1 klasse). Til saman vert dette 19 klasser. I tillegg har vi vaksenopplæring for Helsearbeidarfaget og Barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Fagtilbodet viser at vi har stor breidde i utdanningstilboda. Vi ønskjer å vere ein skule som har god dialog med lokalt næringsliv, slik at vi kan vere med å rekruttere til det arbeidslivet som finst i vår region.

Skuledagen varer frå 08.45 – 15.45. To dagar i veka er det klassens time frå 08.30 – 08.45. Vi komprimerer skuleåret noko, slik at nesten annankvar fredag har elevane avspasering.

Resepsjonen på skulen er open frå 07.45 – 15.45. Her kan ein få hjelp til t.d. skuleskyss, lånekasse m.m.

Eleven sin næraste kontaktperson er er kontaktlæraren. I tillegg har vi rådgjevingsteneste, helsesjukepleiar og PPT som kan kontaktast ved behov. Frå hausten 2022 vil skulen også ha NAV på skulen til fast møtetid for elevar/tilsette.

Kantina er open kvar dag frå 08.00 – 14.15.

Vel møtt til skuleåret 2022 – 2023!

 

Fosnavåg, juli 2022

Ester Sørdal Klungre

rektor