Verdsdagen for psykisk helse
Elevar og tilsette ved Herøy vgs markerte i går verdsdagen for psykisk helse.
Den eigentlege og internasjonale datoen for verdsdagen for psykisk helse var laurdag 10.oktober. Ved Herøy vgs markerte vi dagen i går, tysdag 13.oktober, med stand i hallen og utandørs, og diverse effektar og skriv som elevane kunne få.
Temaet for verdsdagen 2020 er å spørje meir. Den psykiske helsa kan påverke oss på ulike måtar, unge som gamle.
Verdsdagen vart markert i 150 land og målet for dagen er å setje fokus på betre folkehelse, auka kunnskap og openheit om psykisk helse, og det at alle har ei psykisk helse. Det er viktig å kunne snakke om og vere open omkring utfordringar som ein kan møte på i livet.
Viktig å bli sett og høyre til
Alle har behov for å bli sett. Det å bli sett gir ei kjensle av å høyre til og vere viktig. Tilhøyrsle er grunnleggande for god psykisk helse.
Når det gjeld barn og unge si psykiske helse, så viser ungdata-undersøkingar at dei fleste har det bra, men at der er stadige rapportar om psykiske plager, t.d. gjennom skulestress, kroppspress og eit press grunna sosiale media.
Det er difor svært viktig å ta vare på seg sjølve og kvarandre i kvardagen og Helsedirektoratet har mellom anna fem konkrete råd som kan hjelpe for ei god psykisk helse. Ver aktiv, spis balansert, få nok søvn, knyt sosiale band og gjer noko der du opplever meistring.
Ved HVS har elevane kvarandre å støtte seg til og lærarar og tilsette kan i tillegg vere ein ressursperson for dei. Vi har også helsesjukepleiar Kari Mette til stades nokre timar i veka og sosialpedagogisk rådgjevar Randi som også er tilgjengeleg for elevane våre.