Valdebatt på Kulturhuset
Herøy vgs sine elevar tok del på valdebatten og valtorget som vart halde på Herøy Kulturhus, tysdag 29.august, der ni parti stilte med ungdommelege representantar.
Det vart noko temperatur i debatten mellom dei ulike partia, men i stort sett sømelege former.
Ulike tema vart debatterte; som om stemmeretten skal vere 16 eller 18 år, skulepolitikk med fråversgrense og kva som kan bli betre i skulen, litt omkring synspunkt på alkohol- og narkotikapolitikken, mulegheiter omkring lærlingkontrakt for ungdom, og eit spørsmål frå salen om kva syn dei ulike partia har på framtida for olje- og gassindustrien.
Som vanleg er der enkelte partirepresentantar som tek tak i debatten og argumenterer mykje for sine synspunkt, medan andre stiller seg litt meir i bakgrunnen. Alle representantar og parti fekk uansett høve til å fremje sine meiningar.
FpU, Unge Høgre, Unge Venstre, KrFU, Grøn Ungdom, Senterungdommen, AUF, SU og Raud Ungdom var alle representerte og etter debatten skal elevane våre avgi si stemme her på skulen.