Unikt samarbeid mellom HVS og sjukeheimen
Elevane på Vg2 helsearbeidarfag har i åtte strake måndagar hatt praktisk-teoretisk opplæring ved Herøy omsorgssenter på Eggesbønes. Få eller ingen andre vidaregåande skular har eit liknande opplegg.
I løpet av desse måndagane har dei 15 elevane på helsearbeidarfag ved Herøy vgs, lært og arbeidd praktisk med teoretisk opplæring på Herøy omsorgssenter. "Prosjekt hygiene" er eit tett samarbeid mellom lærarar på helsefag og avdelingsleiarar ved sjukeheimen på Eggesbønes.
- "Prosjekt hygiene" har flytta den teoretiske undervisinga til ein praktisk arena ved sjukeheimen, der elevane får teoretisk rettleiing av lærarane, på same tid som ein bruker det ein lærer i praksis, fortel lærar Hege Løseth.
Positive opplevingar
I løpet av desse måndagane - før lunsj - har elevane delt seg i to mindre grupper; den eine på Grøn avdeling og den andre på Raud avdeling ved sjukeheimen.
- Vi har berre hatt positive opplevingar med å ha jentene her. Det er personalet ved avdelingane som steller pasientane, men elevane har vore til god hjelp med til dømes stell av sengene. På slutten av prosjektet, var dei også med og observerte pasientstell, seier avdelingsleiar Randi Taklo ved Raud avdeling til Vestlandsnytt.
Der er forbetringspotensiale innanfor hygiene i dei fleste helseinstitusjonane, og difor fekk ein for tre år sidan nye nasjonale retningsliner for hygiene.
Prosjekt hygiene
- På HVS har vi jobba etter desse sidan dei kom. Men det var først i mai i år at retningslinene vart "offentleggjorde" i form av ein nasjonal rettleiar. Den er blitt brukt aktivt i undervisinga, fortel Hege Løseth.
I "Prosjekt hygiene" har elevane verkeleg fått lære korleis dei skal handtere dei hygieniske prinsippa i praksis; korleis ein skil reint frå ureint og korleis ein skal handtere reine og ureine kle og utstyr. Ikkje minst har dei lært kva for soner i dei ulike roma som vert sett på som reine og ureine. Meininga med dette er å beskytte pasientane mot til dømes smitte.
Vestlandsnytt laga ei fyldig og god sak om elevane på Vg2 HE, publisert tysdag 29.november, og vi viser til avisa der for meir interessant lesing.