Undervisningsevaluering innan 25.november
Her fyl litt informasjon om undervisningsevalueringa som skal gjennomførast innan fredag 25.november (veke 47)
Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2022-23:
Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.
Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppfordrar alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med fem eller fleire svar.
Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre lærarar. Det er skoleadministrator som har bestemt kva grupper som skal evaluere.
Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fem tema:
1. Eleven si meistring og motivasjon
2. Læringsmiljøet i gruppa
3. Vurderingspraksis
4. Støtte frå lærar
5. Faglege utfordringar og forventningar
Har de spørsmål til undersøkinga, kontakt Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgivar Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no), eller rådgivar Ann-Christin Hoel Lervik (ann-christin.hoel.lervik@mrfylke.no)
Med venleg helsing
Ester Sørdal Klungre, Rektor
Herøy vg. skule