Tilbod til deg som er permittert eller ledig
No tilbyr Møre og Romsdal fylkeskommune opplæringstilbod som hjelper deg til å få vitnemålet/fagbrevet komplett.
Tilbodet er retta mot dei som manglar fag for å bli ferdige med vidaregåande opplæring. Kanskje du slutta før du var ferdig med skolen eller læretida? Eller kanskje manglar du eit eller fleire fag, eller fekk ikkje teke fagprøva?
Sjekk denne linken: https://mrfylke.no/utdanning-og-karriere/vidaregaaande-opplaering-for-vaksne/tilbod-til-deg-som-er-permittert-eller-ledig
Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker at flest mogleg skal få fullført vidaregåande opplæring. No har vi moglegheit å hjelpe fleire med å kome i mål.
Fylkeskommunen har fått tilskot frå stortinget som vi skal bruke til å gje tilbod til ledige og permitterte under pandemien.
Det vil bli sett i gang ulike tiltak utifrå behova til dei som er interessert.
Tilbodet er gratis!
For å melde interesse må du fylle ut registreringsskjemaet lenger nede på sida.
Etter at du har søkt tar vi kontakt med deg for å avklare kva for opplæringstilbod vi kan tilby.