Tidlegare elevar på besøk
Noverande kokkelærlingar i Geiranger og Stavanger, herøyværingane Jørgen Stenersen og Geir-Håkon Bøe, returnerte sist veke til Herøy vgs for å lage mat saman med årets Vg2-kull på kokk- og servitørfag.
Jørgen har fullført første praksisår som lærling ved Hotel Union Geiranger, medan Geir-Håkon førebels har gjort rogalending av seg. Han arbeider som lærling ved Bølgen & Moi i Stavanger. Etter ein hektisk sommar med mykje jobbing, tok dei to tidlegare HVS-elevane ferie, og nytta like godt noko av denne ferietida til å kokkelere saman med skulen sine elevar.
Begge er samde om at dei har hatt hektiske dagar det første læreåret, men har plukka opp mykje matnyttig i si tid i Geiranger og Stavanger.
- Det er travelt, ja, men også veldig, veldig kjekt. Vi lærer svært mykje ute som lærlingar. Vi har ingen arbeidsdag som er lik den neste og det er forfriskande, fortel Geir-Håkon og Jørgen.
Spennande meny
På menyen sist torsdag serverte dei jordskokk-suppe med kamskjel, pannesteikt kveite med blomkålpuré, steikt kantarell, sprø spekeskinke og kapers-nøttesmør med sjalottlauk og graslauk. Hovudrett kjøt var lamme-mørbrad med gulrot-puré, grilla brokkoli, kokte og steikte raudbetar, fritert grønkål og raudvinsaus og poteter. Til dessert serverte dei rosmarin- og yoghurt-sorbet og sjokoladesmell (ei utsøkt heimelaga sjokoladekake).
Dei to arbeidsame karane utarbeidde sjølve den svært smakfulle menyen, og då HVS sine eigne Vg2-kokkeelevar møtte til skule denne morgonen, så hadde Geir-Håkon og Jørgen allereie rukke å lage ferske brød og sett standard for dagen. Å vere kokkelærling er ikkje noko latmannsliv. Her må ein ofte tidleg opp og stå på.
Skaff deg god oversikt
Om dei har nokre råd for dagens elevar?
- Å følgje køyreplanen for dagen er viktig. Skal det bli bra må ein ha evna til å kunne planlegge for det som skal skje her og no, men også kunne rette augo litt framover i tid. Det er viktig å ha oversikt og prøve å ha kontroll på det som skal skje. Planlegging er eit nøkkelord, fortel Geir-Håkon.
Han og Jørgen synest det var kjekt å besøke årets kokkeelevar og arbeide ein dag på skulekjøkenet i lag med dei.
Dette gav meirsmak for fleire.