Spis ungdommen grønsaker?
Kokke-elevar på HVS inviterte ei gruppe frå HO og ei gruppe frå TIP til gratis onsdagslunsj på skulen.
Noko av bakgrunnen for dette er at kokke-elevane ønskjer å finne ut litt meir om ungdom flest spis grønsaker, dersom dei får servert det i lag med heimelaga mat.
Onsdag i veke 4 var det ein god gjeng frå Vg1 helse- og oppvekst, og ein stødig gjeng gutar frå Vg1 teknikk- og industriell produksjon, som fekk servert laksewok og grønsaksomelett.
Elevar som går på Vg2 kokk- og servitørfag, ville teste ut kva ungdommar eigentlig synest om det å få ferske grønsaker servert i samband med eit måltid med varmmat. Er det noko dei på det jamne spis og likar? Kva karakter ville dei gi måltidet og smaken av maten?
Laksewok
Gutane på TIP fekk servert laksewok. Bortsett frå eit par skeptiske blikk, var dette ein populær rett mellom brorparten av TIP-gjengen. Dei fleste spiste opp maten og vart mette. Elevane skulle også gi maten karakter, utifrå om ein likte maten, frå 1 til 10, med 10 som høgste poengsum.
Dei vart oppmoda av kokke-elevane om å vere fullstendig ærlege i vurderinga si. Kokke-elevane tek gjerne i mot konstruktiv kritikk.
Likar god mat
Laksewoken fekk ein snittkarakter på mellom 7 og 8, eit solid resultat. TIP-elevane kunne også ha vore villige til å betale mellom kr.20 og kr.35, dersom dei fekk slik mat servert i kantina.
Elevane frå HO-gruppa fekk servert grønsaksomelett, og i all hovudsak vart dette også eit måltid som vart motteke på ein veldig god måte.
Konklusjonen frå denne onsdagen er at ungdommar flest aksepterer, spis og likar god mat, inkludert dei grønsakene som vert servert i lag med måltidet.