Som forelder og føresett er du ein viktig støttespelar
Som forelder og føresett er du ein viktig støttespelar for ungdommen din – også i vidaregåande opplæring.
- Derfor ønsker vi eit godt samarbeid mellom heim og skule, seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune, som eig og driv dei vidaregåande skulane i fylket.
Kompetansesjefen har skrive eit brev til foreldre og føresette der ho ønsker velkommen til skulestart (sjå dokument på denne sida). Brevet er ein invitasjon til samarbeid, og tips om kva foreldre og føresette kan bidra med og involvere seg i for å gjere samarbeidet med skulen best mogleg.
- Skulane vil invitere deg til foreldremøte slik at du får bli kjent med skulen og skulekvardagen og gi deg informasjon om korleis du kan bidra som føresett, skriv ho.
Les heile brevet her på fylkeskommuna sine nettsider:
https://mrfylke.no/nyheiter/skolestart-som-forelder-kan-du-bidra-til-eit-trygt-laeringsmiljoe