Side Brok opna turnéen med Herøy-elevane som publikum
Måndag 14. september vart Herøy vgs sine elevar dei første som fekk oppleve Hovdebygda-rapparane Side Brok på sine nye turné.
Kultursekken i regi av Møre og Romsdal fylke feirar i år 20 års jubileum, og har med det gjeve Side Brok ei sentral rolle i sitt jubileumsår.
Turnéstarten for rap-gruppa frå Hovdebygda er i gong, og dei aller første som fekk ta del i dei energiske artistane sine nynorske rappe-låtar, var HVS sine elevar.
Side Brok sin første konsert gjekk av stabelen i Fosnavåg Konserthus.
Elevar i grunn- og vidaregåande skole kan vente seg eit mangfald av kulturopplevingar det komande skoleåret gjennom Kultursekken.
– Då Kultursekken starta i 1996 var åtte kommunar med. No er alle kommunane i fylket med, og på denne måten har born og unge tilgang til eit profesjonelt kulturtilbod i skuletida, seier Johild Kosberg Bredin i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Side Brok formidlar på sin heilt unike måte lokal kultur til skuleelevar over heile Møre og Romsdal.