Raudt nivå på vidaregåande frå torsdag 16.12.

Frå torsdag 16.12. og fram til juleferien vert det digital heimeundervisning med nokre unntak.

Skriv ut

Etter jul vert det innført ordningar der elevgruppa vert delt slik at nokre er på skulen og andre får undervisning heime digitalt.

Det er krevjande for både elevar og tilsette å måtte organisere skulekvardagen slik. Så får vi vone at tiltaka er medverkande til å få smittetala til å flate ut.

Vi legg vekt på at elevane skal få så god undervisning som muleg i den perioden vi går inn i no.