Prisa våren og sommaren med festmåltid

- Vi håper maten fell i smak. Om vi har lukkast, det er det de sjølve som avgjer når de får maten servert, sa hovmeister Niklas Werner. Og elevane på Vg2 kokk- og servitør lukkast stort med eit imponerande spekter av aperitiff, forrettar, hovudrettar og dessertar, der dei prisa våren og sommaren med festmat.

Skriv ut

Det har rukke å bli til ein tradisjon, familiemiddagen som på sett og vis rundar av skuleåret for elevane på Vg2 KO ved Herøy vgs. Torsdag 1.juni var datoen for årets høgdepunkt.

Menyen var heilt ypparleg, med Mozell Krusflik som aperitiff og første smaksprøve. Gjestane – foreldre, besteforeldre, kjærestar og andre – fekk servert smakfull laksepastrami, skvalderkål- og brenneslesuppe, posjert vaktelegg og kryddersild, grilla villkveite, vår-sorbet, lammecarrè og braisert kje, rabarbrasuppe med rognebladis og bær, samt konfekt.

Hovmeister Niklas leia gjestane gjennom kvelden på ein naturleg god og humoristisk måte, og han introduserte første forrett, som mellom anna er laga av ugras.

- Dette svineriet har vi kokt suppe av; skvalderkål med brennesle, med tilhøyrande crème fraîche og fyrstikkpotet. Vi har satsa på næringsrik og kortreist mat, fortalde han.

Grilla villkveite, lam og kje

- Kveita har vi marinert og grilla, og laga verdas beste skaldyrsaus til; den er så god at du kanskje får lyst til å slikke av fatet etterpå, opplyste hovmeisteren før første hovudrett kom på bordet. Og det smakte!

Innimellom alle rettane følgde ein glimrande parodi av kokkelærar Ingebjørg Lyster, regissert av elev Håkon Skoge, ein liten quiz eller to, og ein liten vår-sorbet av engsyre og gauksyre, som ein hyllest til våren. Hovmeisteren fortalde vidare; - dette er den ultimate smaken av vår og sommar. Ein liten applaus til Danuta for å ha rydda hagen for ugras!

Så følgde andre hovudrett, kjøt, knallgod lammecarrè og braisert kje, noko som var både kortreist og berekraftig mat, fekk vi vite.

Som avrunding kom desserten på bordet, i form av rabarbrasuppe saman med rognebladis servert på italiensk marengs og friske bær. Og som ikkje det var nok, fekk familie og vener konfekt i tillegg.

 - Gi gass!

Familiemiddagen vart ein uforgløymeleg kveld med framifrå smaksopplevingar. Elevane på Vg2 KO er knallgode på kjøkkenet og er også ein triveleg og humoristisk gjeng. Lærar Ingebjørg Lyster takka naturlegvis elevane for den flotte kvelden vi fekk ta del i.

 - Gi gass! Eg trur dokke var klare for å berre køyre på i dag, og det har vore ein lang dag, ein travel dag. Her kan vi ikkje klage på noko som helst, dette vart suksess! De har vore flinke til å fordele ansvar, de har kome på menyen sjølve, og de har stått for underhaldninga sjølve. Vi har utfordra elevane i fleire år om å drive litt ap med oss lærarane. Du tok utfordringa Håkon, og parodien din var kjempebra, oppsummerte Ingebjørg om det å bli parodiert.

Ei stor, stor takk til årets elevar på Vg2 kokk- og servitørfag som sytte for ein fantastisk kveld med prima mat og underhaldning i Restaurant Lykken ved Herøy vgs. Dei er Leiv Magne Apelseth, Even Gaustad, Nikolei Gratzke, Ovar Hatløy, Jørund Sivertsen Skarbakk, Håkon Skoge, Isabell Sporsheim, Hans OIav Sundal, Enrico Trettø, Adriana Wajchert og Niklas Werner.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.