Pressemelding: Innfører ikkje lokale forskrifter
Førebels ingen lokale forskrifter i samband med det pågåande utbrotet av covid-19
Pressemelding frå kriseleiinga i Herøy:
Innfører ikkje lokale forskrifter
Kriseleiinga i Herøy kommune har hatt møte i dag, måndag. Dette knytt til det pågåande utbrotet av covid-19. Konklusjonen er at ein ikkje innfører lokale forskrifter no, men vurderer situasjonen fortløpande dag for dag.
- Situasjonen er framleis oversiktleg, men vi er førebudde på at dette kan endre seg raskt, seier kommuneoverlegen.
For Herøy vidaregåande skule er situasjonen slik:
Ved Herøy vidaregåande skule er det også funne positive testar, seinast i går og i dag, og det er sett i verk testing av klassene i maritime fag, og kokk- og servitør denne veka. Skulen har også sett i verk tiltak for å redusere kontakt mellom desse klassene og resten av skulen. Elevane testar seg kvar dag denne veka i samsvar med rutinane.
Kommunedirektøren er nøgd med at ein har oversikt over situasjonen og at tiltak vert gjennomført på ein god måte.
- Kommuneleiinga er fortløpande oppdatert og vil dersom situasjonen endrar seg, sette i verk nye tiltak og gi ny informasjon, kommenterer kommunedirektør Trond Arne Aglen.
Rektor opplyser at undervisninga held fram som normalt med dei tiltaka som er sett inn.