Peparkakeby-baking på barn- og ungdom
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag (BU) ved Herøy vgs har teke del i peparkakeby-bakinga som Fosnavåg Handelsforeining står bak. Frå fredag 27.november kan du sjå praktverka i Maki-huset i Fosnavåg.
Dette er ei førjulsutstilling som vert flott og som mange bør ta turen innom for å sjå.
På Vg2 BU valde dei å fokusere på kreativ og skapande aktivitet, der dei 15 elevane vart delte inn i tre grupper som fekk i oppdrag å designe sitt eige produkt, lage mønster, montere og pynte byggverket.
Gjengen er strålande fornøgde med produkta dei har laga til, og gjennom dette arbeidet skulle kvar gruppe lage ein dokumentasjon på arbeidet undervegs.
Mummihus med nøye planlagde figurar (laga formene sjølve), og borger med detaljar som må studerast!
Faglærar Olgunn Torvanger er strålande fornøgd med elevane sin kompetanse innanfor samarbeid og kreativ, skapande aktivitet. Her vert det gjeve gode karakterar på prosjektet.