Ole-Martin steig 21 meter til vers
Ole-Martin Moltumyr steig 21 meter til vers, då han fredag hadde sin praksis i samband med liftkurset ved Herøy vgs.
Fredag 15. september hadde ti lokale karar praksis i bruk av personløftar ved skulen. To av dei, Ole-Martin Moltumyr og Kim Storøy som arbeider i Herøy kommune, steig 21 meter til vers denne regndagen.
Ressurssenteret ved Herøy vidaregåande skule har denne veka arrangert dokumentert opplæring i bruk av personløftar (liftkurs).
Kurset omfatta klasse A, tilhengarmontert personløftar og klasse B, sjølvgåande personløftar. Tysdag 12. september var det 7 timar med teoretisk undervising. Og fredag 15. september hadde dei 4 timar med praktisk undervising, i to ulike grupper på 10 personar.
Norske myndigheiter stiller krav til at arbeidstakarar som nyttar lift(personløftar) kan dokumentere praktisk og teoretisk opplæring i bruken av desse («Forskrift om utførelse av arbeid…» §10-2 Krav om dokumentert sikkerheitsopplæring ved bruk av arbeidsutstyr.
Opplæringa skal gje kunnskap om dei krav som vert stilt til sikker bruk og betjening i forskrifter og i betjening. Kursinnhald:
- Lover og forskrifter
- Ansvar og kvalifikasjonar hjå brukaren
- Oppbygging, virkemåte og oppstilling
- Køyring og stabilitet
- Sikkert arbeid, forflytting på vei
- Rutinekontroll
- Ulykker og farlege situasjonar
- Avsluttande arbeidsoppgåve(dag 1)