Nyttig anleggsdag for Vg1-elevar
HVS sine Vg1-elevar på bygg- og anleggsteknikk fekk oppleve anleggsbransjen på nært hald torsdag 8. september.
Gjengen reiste med minibuss frå Herøy vgs til Åmdalen i Ørsta denne torsdagen, der dei fekk oppleve og sjølve prøve ut anleggsmaskiner i Grossmyra.
Elevar frå fleire skular hadde ein heil dag med ei praktisk orientert yrkesmesse for anleggsbransjen. OKAB Møre og Romsdal (Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene) stod bak arrangementet. Poenget med anleggsdagen / yrkesmessa er at elevar tidleg skal få god innsikt og praktisk informasjon om arbeidsområde og mulegheiter for framtida.
Elevane køyrde sjølve anleggsmaskiner og prøvde utstyr knytt til bransjen, noko elevane sjølvsagt sette pris på. Med erfarne anleggsarbeidarar og maskinførarar på plass, vart det ein god dag for elevane.
Det vart halde gravemaskinførar-konkurranse med premiering, og elevane fekk pizza og drikke etterpå.
Elevar på Vg1 bygg- og anleggsteknikk har mange mulegheiter innanfor denne bransjen etter to års vidaregåande opplæring.