Nye lokale i Nørvågen for naturbruk
Elevar og lærarar på naturbruk ved HVS fekk i går ta i bruk nye, fine lokale i Nørvågen. Ordførar Bjørn Prytz, næringssjef Merete Hjertø Flusund i Havlandet, NRK Møre og Romsdal og Vestlandsnytt møtte opp i dei nye naturbruk-lokala.
Rektor Ester Sørdal Klungre ønska alle saman, og ikkje minst elevane våre, velkomne til opninga.
- Vel eitt år har vi brukt til å planlegge og bygge opp desse lokala. Lokala skal nyttast til praktisk opplæring for elevane på naturbruk – framtidige fiskarar og havarbeidarar. Dette programområdet er vi stolte av å ha ved skulen vår – ei blå line knytta opp til havbruk og fiskeri – i fiskerikommunen og havkommunen Herøy. Her bør alt ligge til rette for at vi får til eit glitrande utdanningstilbod for unge som vil satse på denne næringa i vår region, sa rektor.
Rekruttering og samarbeid er viktig
HVS ønskjer å vere med å rekruttere til ei næring som er stor og spennande og som stadig utviklar seg. Vi ønskjer også å samarbeide vidare med næringa og har allereie eit godt og nødvendig samarbeid med lokale reieri der elevane våre får vere med på båtar i praksisperiodar og seinare teikne lærekontraktar.
I Nørvågen sikrar ein grunnopplæringa i nye, fine lokale, midt i det levande fiskerimiljøet i Herøy. Her skal det øvast på praktiske ferdigheiter – ein svært sentral del av dette programområdet. Ein skal lære å førebu fiskeri og handtere fangst. Etter kvart ser ein også føre seg å få på plass båtane til skulen rett ned på kaia ved lokala i Nørvågen. Då vert vegen svært kort for elevane til vegneromet nede på kainivå og for å kunne gå rett i båtane og fiske i nærområdet her. Fisken kan så fraktast tilbake og takast med i heisa opp til produksjonsromet der elevane lærer å handtere den på rett måte.