Bygg-gjengen har laga to overbygningar til sjukeheimar
Elevane på Vg1 BA har gjort unna mykje godt arbeid dette skuleåret. To overbygningar, ein ved Herøy Alders- og Sjukeheim og ein ved Myrvåg Alders- og Sjukeheim, er ikkje langt unna ferdigstilling.
Overbygningane ved to dei sjukeheimane på Eggesbønes og i Myrvågane er reiste i samband med reservestraums-aggregat.
Elevane på Vg1 bygg- og anleggsteknikk har gjort seg ferdige med prosjektet som dei skulle fullføre før sommarferien, arbeid i samband med faget prosjekt til fordjuping.
Dei har sjølve laga teikningane til overbygningane saman med lærar, og prosjekta vart starta på i fjort haust.
Dei prefabrikerte veggane har kome til i bygghallen ved Herøy vgs, vegg for vegg, og så blitt transportert vidare til Eggesbønes og Myrvåg for oppføring. Før elevane kom så langt, har dei i tillegg støypt fundamenta til reisverka.
Bygg nummer 1 er overbygninga til reservestraums-aggregat ved Herøy Alders- og Sjukeheim, eit påbygg til eksisterande bygningsmasse på Eggesbønes.
Bygg nummer 2 er ei frittståande overbygning til reservestraums-aggregatet for Myrvåg Alders- og Sjukeheim.
Elevane har jobba godt i lag, og etter sommarferien ligg det an til å bli noko meir arbeid i samband overbygningane, i høve å setje inn aluminiumsdører og ventilar / aluminiumsrister.
Godt jobba!