Ny suksess med 2KO sin familiemiddag
Sist veke baud elevane ved 2KO inn til nydeleg familiemiddag i restauranten på Herøy vgs. Kokkegjengen sluttar aldri å imponere og alle gjestane var tydeleg imponerte og takksame for ei unik matoppleving.
Sist torsdag fekk familie og vener smake på dei fantastiske matrettane som elevane sjølve har pønska ut og planlagt i detalj, utan involvering frå andre enn seg sjølve.
I tur og orden etter ein forfriskande aperitif, vart det servert innbydande rettar.
Skvalderkålsuppe, crispy sunnmørsegg frå Hareid servert med ulike spekeskinker, lokalfiska flyndre som elevane posjerte, norsk indrefilet av okse, og bringebærmousse til dessert; alle rettane var ei framifrå smaksoppleving.
Takksam for elevane
Bertine Lied i 2KO tok på seg hovmeisterjobben på strak arm og sang i tillegg ein flott versjon av Queen-songen Don’t Stop Me Now, mellom dei to hovudrettane.
Dei 8 elevane som i år har gått Vg2 kokk- og servitørfag er Marie Mork Blindheim, Sunniva Blålid, Nikolei Gratzke, Kavin Khongkhammat, Bertine Lied, Marius Frantsen, Erik Skinnes Wiik og Ann-Kristin Vattøy.
- Eg er veldig heldig som får vere i lag med desse ungdommane kvar dag, og er takksam for at eg har fått låne dei fram til no. No ventar nye utfordringar og mulegheiter for gjengen. Godt jobba alle saman og tusen takk for kjempegod mat, sa kokkelærar Ingebjørg Lyster, til stor applaus frå familiemedlemmer, vener og tilsette ved Herøy vgs.