NSP Aid takkar HVS-elevar

NSP Aid-leiar Gunnar Hamnøy har nyss vore ved Herøy vgs for å takke elevane våre som har samla inn pengar til barn og ungdom i Kenya.

Skriv ut

NSP Aid gjer ein kjempejobb for å gi mange fattige barn og unge i Kenya mulegheiter til utdanning og eit betre liv.

Herøy vgs har no i fleire år teke del i NSP Aid sitt innsamlings- og hjelpearbeid i Nairobi og Mombasa. Kvar haust er HVS og fleire andre sunnmørsskular med på å samle inn pengar for unge menneske i Kenya.

Elevrådet og elevrådsleiar Sondre Alstad Steinsvik møtte Gunnar Hamnøy på skulen vår 19.mai, og fekk utdelt ein diplom frå NSP Aid for pengane som elevane våre har samla inn for NSP Aid sitt arbeid i Kenya.

Til hausten reiser ein lærar og to av våre elevar til Kenya i lag med NSP Aid for å sjå kor viktig desse pengane er for folk i desse områda i Kenya.

For å lese meir om arbeidet til NSP Aid kan du gå hit: https://nsp-aid.com/