Matrosklassa besøkte Havila Subsea
Elevane i 2MA2 fekk gode råd av kaptein Inge Eriksen ombord Havila Subsea.
Havila Subsea ligg til kai ved Mjølstadneset denne veka. Matroselevane ønskte sjølve å kunne besøke det avanserte subsea-fartyet som er designa og bygd av Havyard og drifta av Havila.
Elevane tok onsdag sjølve kontakt med mannskapet på Havila Subsea for ein eventuell rundtur ombord i det flotte IMR-skipet.
Dei fekk ja på kort varsel, og ein imøtekomande kaptein Inge Eriksen tok vel i mot gjengen på Mjølstadneset. Han kunne fortelje dei komande matrosane om kva som ventar når elevane skal ut i læretid på ulike offshorefarty til neste år.
Alle fag er viktige
Her fekk dei gode tips om sikkerheita ombord, avanserte ROV-operasjonar i samband med langtidskontrakten til Havila Subsea, og at instruksjonar, rapportar og møter foregår på engelsk, med meir.
Kaptein Eriksen poengterte at det er viktig å jobbe med alle faga på skulen, og spesielt kor viktig engelsk har vorte dei seinare åra.
- Alle instruksjonar og møter skjer på engelsk. Det er berre å setje i gong å pugge maritime engelske gloser først som sist, fortalde kapteinen.
Vi takkar mannskap og kaptein for eit svært interessant besøk!