Liftkurs for vaktmeistrar
Herøy vgs ved instruktør Asbjørn Steinnes, har nyleg gjennomført personløftarkurs, i lag med 10 vaktmeistrar frå distriktet vårt.
- Alle som skal nytte lift i ein arbeidssituasjon, er påkrevde å stille med kompetansebevis for dette. Dokumentert sikkerheitsopplæring er ein nøydd til å ha dersom ein skal nytte lift på arbeidsplassen, fortel instruktør Asbjørn Steinnes ved Herøy vgs.
Nyleg tok 10 vaktmeistrar frå Hareid og Ulstein, inkludert HVS sin eigen vaktmeister, del i eit 7 timars teorikurs om sikkerheit omkring bruken av lift. Personløftarkurs klasse A (tilhengarmontert personløftar) og personløftarkurs B (sjølvgåande personløftar) var tema for teoridagen og den praktiske biten.
På teoridagen vart det opplæring i seks føresegner knytta til arbeidsmiljølova. Etter gjennomført teori vart det naturlegvis tid for å øve seg med lifta; 4 timars køyring per lift. Inntil tre personar kunne arbeide med lifta samstundes.
Viktig opplæring
- Her må ein naturlegvis stille opp lifta på rett måte i høve bruksanvisinga, nytte eit sikkert underlag og lære seg å ta i bruk alle funksjonar og sikringsanordningar. Ved Herøy vgs kan vi tilby kursing i alle klasser for personløftarkurs, i tillegg til fallsikringskurs, fortel instruktør for dokumentert sikkerheitsopplæring, Asbjørn Steinnes.
Alle dei 10 vaktmeistrane har no gjennomført og fått kompetansebevis for bruk av personløftar klasse A og B.