Læreplasskurs 24. - 26.august

Opplæring i bedrift arrangerar 24.-26.august læreplasskurs for rettselevar som ikkje har fått seg læreplass.

Skriv ut

Kurset vert arrangert fire stadar i fylket. Målet er at fleire skal ha fått seg læreplass når kurset er omme!

På Sunnmøre vert kurset arrangert i Ørsta og Ålesund.

I Ørsta vert kurset halde på Hotell Ivar Aasen, for elevar frå heile Søre Sunnmøre. Beate Mork frå Ørsta vidaregåande skule er kursansvarleg. Både Oppfølgingstenesta i vidaregåande skule, NAV, Ørsta Næringskontor/bedrifter, ulike opplæringskontor og PPT vil vere delaktige og bidra på kurset.

VIKTIG!

Elevane det gjeld vil få tilsendt invitasjon/ lenkje til påmeldingsskjema per SMS komande veke.

Påmeldingsfrist er 16.august!

Opplæring i bedrift håper elevane det gjeld melder seg på, og ser nytta eit slikt kurs vil ha for prosessen mot læreplass!

Kontakt