Lånekassen har åpna nettsøknaden for studieåret 2023–2024
Elevar som har skuleplass, kan no søke om stipend og lån på lanekassen.no
Dei som ikkje har skuleplass, må vente med å søke til dei har fått bekrefta opptak.
Elevane kan sjølve sjekke kor mykje dei kan få
Elevane kan få hjelp i søkeprosessen på lanekassen.no utan å logge inn eller sende søknad. Dei kan blant anna sjekke kor mykje pengar dei kan få frå Lånekassen på sida for elevar med ungdomsrett:
https://lanekassen.no/nn-NO/stipend-og-lan/noreg/vidaregaande-skole/videregaande-skole/
Minn elevane på å søke trygt
Det kan vere mykje å hugse på, særleg for dei som sender ein søknad for aller første gong. Del gjerne denne sjekklista med elevane når dei skal søke.
Slik søker du trygt på 1-2-3
- Bruk din eigen pc eller mobil til å sende søknaden, ikkje bruk felles-pc.
- Hugs å logge ut når du har sendt søknaden.
- Lukk nettlesar-vinduet når du er ferdig og gje deg sjølv eit klapp på skuldra!