- Kartet stemte bra med terrenget

Elevane på Vg2 maritime fag har i løpet av hausten og vinteren fått arbeidserfaring til sjøs. Hausthalvåret er tida for utplassering og matroselevane ved Herøy vgs er storleg fornøgde med sine veker til havs.

Skriv ut

- Kartet stemte bra med terrenget, for å seie det slik. Vi lærte på skulen det som vi fekk arbeide mykje med på båt, ute til sjøs, kjem det spontant frå eit par av elevane.

- Veldig interessant og lærerikt, og vi har lært mykje om matrosfaget, fortel Jonas Kleven.

Kvart einaste år får Herøy vgs sine maskinistelevar og matroselevar på Vg2 høve til fire, fem veker arbeidserfaring på båt. I desse litt tøffare offshore-tider var det slett inga sjølvfølgje at det skulle late seg gjere, men det gode samarbeidet mellom skulen og mange lokale reiarlag, gjorde heldigvis susen også for årets maritime elevar.

Fekk oppleve livet til sjøs

Elevane arbeidde godt i lag med mannskapa og lærte om kvardagen ute på havet.

- Generelt har det kome gode tilbakemeldingar på elevane, og dei har fått gode skotsmål etter fullført utplassering. Som skule vil vi gjerne nytte sjansen til å takke alle reiarlaga som stilte opp for oss i år også. Eg vil gjerne få rose elevane og eg er imponert over arbeidsoppgåvene som dei har levert, fortel lærar Bodvar Skrede.

Dei 14 matroselevane har lært mykje om bord skip tilhøyrande Havila, Farstad, Olympic, Island, REM / Solstad, Remøy Shipping, Norsk Fisketransport og Sølvtrans. Dei fire eller fem arbeidsvekene har vore topp lærdom å ta med seg inn mot innspurten av skuleåret.

Kjekke mannskap

Jonas Kleven frå Ulstein (Island Chieftain), Marcus Dybvik Aas frå Tjørvåg (Kystvakta K/V Bergen) og Robert Muren frå Gjerdsvika (Havtrans / Norsk Fisketransport) har mykje positivt å seie om sine erfaringar.

- Mannskapet var veldig greie og var flinke å lære frå seg slik at vi fekk tileigna oss kunnskap, fortel Jonas.

- Vi fekk eit godt innblikk i sjølivet og fekk gjere mange spennande oppgåver i forskjellig vêr, sjølv om Havtrans for det meste gjekk i fjordane i Nord-Trøndelag. Det var lett å bli kjende med mannskapet, noko som også var ei nyttig erfaring, seier Robert.

Dei er begge samde om at sjølivet og arbeidserfaringane om bord gav uvurderleg lærdom i høve Vg2 maritime fag.

- Følte meg som ein av dei

- Eg fekk ta del i mange varierte oppgåver, mellom anna søk- og redningsoppdrag, søk etter personar i sjøen og situasjonar med nødbluss. Eg hadde bruvakt-teneste og vanlege malingsoppdrag som matrosar ofte må gjere. Der var 28 personar om bord K/V Bergen, fleire av dei vernepliktig befal. Eg følte meg som ein del av crewet, fortel Marcus.

- Å gå på maritime fag er absolutt å anbefale til andre, seier han.

- I tillegg har vi ein nauta grei og veldig god lærar i han Bodvar, konkluderer Robert med. Dei andre nikkar samtykkande og ser fram mot ein viktig innspurt det siste halve skuleåret ved HVS.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.