Kampanje for narkotikafrie skular
Elevane ved HVS fekk tysdag 13.september besøk av politiet. Politiet fortalde om kva konsekvensar rusmisbruk kan få for unge menneske både på kortare og lengre sikt.
Målet med den landsomfattande kampanjen er naturlegvis å hindre ungdommen i å starte med narkotika.
Politioverbetjent Pål Inge Olsen og politibetjent Erik Lind tok turen til HVS i dag. I løpet av den informative og interessante seansen, kom det ikkje uventa fram, at rus og rusmisbruk kan få store personlege følgjer.
- Rus får konsekvensar for deg. Det kjem på rullebladet, du kan få store utfordringar omkring det å skaffe deg pass, og eventuelt visum for å kunne reise utanlands. Og kanskje du har lyst på førarkort? Vel, det er ingen menneskerett å skulle ha lov til å køyre bil, og har du først fått ein narkotikadom, kan det til dømes stoppe deg i å få førarkort. Som elevar, og for å nytte elevar på maritime fag som eit døme, så vil rusbruken få svært stor betydning for deg, og kan hindre deg i å få den jobben du ønskte deg, fortalde politioverbetjent Pål Inge Olsen.
Fysiske og psykiske lidingar
Bruk av ulike narkotiske stoff kan gi fysiske og psykiske lidingar, som kan gi store følgjer for deg, venene dine og familien.
I følgje politikjelder er sal av narkotika rundt fleire vidaregåande skular sitt nærområde, og elevar som er rusa i skuletida, slett ikke uvanleg. Tirsdag 13. september fekk vidaregåande skular i heile landet besøk av politiet i samband med kampanjen for narkotikafrie skular.
Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen har teke initiativ til kampanjen. Målet er å hindre at barn og unge startar med narkotika.
Naudsynt med stor innsats
- Vi er nøydde til å gjere ein enda større innsats for å hindre at unge vert utsette for alle dei negative verknadene som narkotikabruk kan medføre. Mykje kriminalitet skjer når unge er rusa, og mange blir offer for kriminalitet når ein er rusa, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen.
Over 20 prosent av gutane som går i tredje klasse på vidaregåande skule har prøvd hasj eller marihuana. Tilsvarande tal for jentene er 14 prosent.
- Det er viktig at vi prioriterer førebyggande innsats. Særleg skolen, foreldre og politiet har eit ansvar. Ungdom som nyttar narkotika risikerer å utsetje seg for svært alvorlege fysiske og psykiske følgjer, seier Anundsen. Ministeren deltek sjølv på eit av arrangementa denne tysdagen, på Stovner vidaregåande skole i Oslo.