Jobbar mot fattigdom i Kenya
I går onsdag 03.11, deltok elevane hjå Herøy vidaregåande skule, på ein innsamlingsaksjon der dei støttar bygging og drift av landsbyar, utanfor hovudstaden Nairobi i Kenya.
Prosjektet er i regi av organisasjonen «North-South Partnership AID» (NSP-AID) og går ut på at elevane skal jobbe for ei bedrift mot at pengane går til dette prosjektet. Noko som også gir elevane god arbeidserfaring.
Vi var rundt omkring i Herøy og besøkte dei flinke elevane.
Vårt første stopp var på Meny Fosnavåg, der vi besøkte Buthayna Haj Ali, som var godt i gang med å plassere varene i butikkens hyller og ho tok oss i mot med eit smil.
Pengar til dei som treng
- Kva synast du er bra med denne dagen?
- Eg kom for å samle inn pengar til prosjektet og likar godt å jobbe for å gi pengane vidare til andre som treng dei meir enn meg. I tillegg så får eg god arbeidserfaring, noko som er fint å ta med seg vidare i livet.
Vidare gjekk ferda til Herøy Kystlag. Der møtte vi Odin Steinsvik, Robert Voldsund, Jakob Holme og Emil Myrene. Dei var i fullt arbeid og hadde knapt nok tid til nokon få spørsmål.
Robert, Odin, Emil og Jakob er samde i at det er kjekt å kunne finne ut meir av arbeidslivet, og synast det er bra at skulen viser at dei bryr seg, ved å arrangere ein slik dag i året. Meir rakk ikkje arbeidskarane å seie, før dei byrja å arbeide igjen.
Sidan blodsukkeret byrja å bli litt lavt, svinga vi innom Spar. Der møter vi Johannes Leinebø, som trilla på plass brusa. Han synast det er fint å kunne jobbe for å hjelpe dei fattige i Kenya, slik at dei kan få seg eit hus og eit betre liv.
Motiverte til å arbeide
Vi køyrer vidare for siste stoppet som er Egersund Trål Herøy. Der møtte vi Gard Leinebø og Mathias Salvatierra Kvalsvik, iført vernesko og hjelm. Dei var blide og hadde ekstra god motivasjon for denne arbeidsdagen. Mathias seier at han synast det er kjekt å jobbe! Det er bra at nokon av dei fattige i utkanten av Nairobi får seg ein plass å bu, tak over hovudet og mat i magen.
Det er kjekt å sjå at så mange er fornøgde med dette prosjektet og jobbar for at nokon fattige barn som bur i bølgeblekkskur i slummen i utkanten av hovudstaden i Kenya, skal få moglegheita til å kunne bu i trygge hus.
Tekst: Nikolai Zemrani Sæther
Foto: Julie Stakkestad Stenersen