HVS-elevar lærer om motstandsmannen Knut Haugland
Elevane ved Herøy vgs fekk onsdag 15.april høyre fleire utrulege og dramatiske historier om motstandsmannen og eventyraren Knut Haugland, via forfattaren Svein Sæter. – Knut drøymde om å verte radiotelegrafist, og han var ein som følgde draumen sin.
- Knut avskydde ordet helt. Han ønskte ikkje å bli omtala som ein helt, sjølv om mange ser han som akkurat det etter innsatsen i Tungtvannsaksjonen på Rjukan under 2.verdskrig, og Kon-Tiki-eventyret saman med Thor Heyerdahl. Eventyret Knut Haugland starta allereie som unggut og speidargut, fortalde forfattaren av boka «Operatøren», Svein Sæter, då han vitja HVS onsdag.
Stor innsats for fedrelandet
Allereie som tenåring gjekk Knut Haugland hundrevis av kilometer frå Rjukan til Mandal, fordi han skulle på speidarlandsleir. Dette er berre ei av mange fascinerande historier om radiotelegrafisten, som vart høgt akta etter innsatsen for fedrelandet i 1940-åra. I etterkrigsåra vart også Knut Haugland god ven med Thor Heyerdahl og han var svært sentral under Kon-Tiki-ekspedisjonen i 1947. Etter enorme påkjenningar under krigen, var eventyret Kon-Tiki med på å hjelpe Haugland på beina att.
Sæter vart for nokre år sidan oppringd av Haugland sjølv, og fekk det ærefulle oppdraget av å skrive boka om den unike motstandsmannen. «Operatøren» skildrar eit fantastisk menneske og opplevingane hans, på godt og vondt.
Måtte skyte Gestapo-agentar
- Den 1. april 1944 skulle Knut Haugland sitt liv ha vore over. Han slapp unna døden etter å ha skote fire Gestapo-agentar i flukta frå Kvinneklinikken, der han som radiotelegrafist hadde gøymt seg over tid. Knut gjekk i mange år med svært dårleg samvit for å ha skote desse fire gestapistane. Og så, meir enn 40 år seinare får Knut vite i ein telefonsamtale at minst 3 av dei han skaut faktisk hadde overlevd skota. Knut hadde tårer i augo og han var ein fantastisk varm person, som hadde tenkt mykje på dei menneska han hadde skote, fortalde forfattaren Svein Sæter.
Sjå og høyr litt meir om mannen Knut Haugland her: