God sommar til elevar og tilsette

Då er skuleåret 2020 & 2021 over og vi ynskjer alle våre elevar og tilsette ein god sommar.

Skriv ut

Fredag 18.juni var siste skuledag ved Herøy vgs. Til info kan ein nemne at skuleåret 2021 & 2022 startar måndag 23.august for elevane.

Dei tilsette hadde ei enkel og fin utandørs avslutning med pizza og brus, og der rektor Ester Sørdal Klungre takka av nokre av våre gode kollegaer.

Dag Aarflot har arbeidd ved skulen dei siste to åra, på same tid som han har vore tilsett ved Ørsta vgs. No skal han tilbake til Ørsta i full stilling.

I tillegg takka skulen Ole Arvid Vesterdal som har vore tilsett som bygg-lærar i fleire år, og Bodvar Skrede som no går av med pensjon etter fleire år som lærar for dei maritime elevane våre.

Vi ynskjer dei lukke til vidare, og alle saman ein rett god sommarferie!