Gapahuken er klar
Elevane på Vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Herøy vgs har dei siste finversdagane nytta høvet til å gjere ferdig gapahuken på Heid. Dei har sjølve hogd ned tømmer og nytta lafteteknikk for den nye, flotte gapahuken tilgjengeleg for turgåarar.
Hausten 2015 fekk skulen og elevane på Vg1 BA spørsmål frå Berge og Flusund Grendalag om dei kunne tenke seg å ta del i gapahuk-prosjektet ved den nye turstien på Heid. Lærarar og elevar var positive til å få vere med på ny læring, så svaret vart naturlegvis ja.
- Vi har nytta til saman 20 arbeidsdagar på dette prosjektet og elevane har jobba godt og vore ivrige i tenesta. Dei har nytta ein laftemetode, stavlaftingsteknikk, til oppføring av gapahuken. Vi har nytta motorsag og hoggjern og mykje anna godt utstyr. Du kan godt seie at dette er eit prosjekt som er sjølvlaga av elevane, fortel lærar og prosjektleiar Ole Arvid Vesterdal ved Herøy vgs.
Elevane hogde sjølve ned tømmer i nærleiken av skulen tidlegare i år og frakta det opp til byggjeområdet ved turstien.
Gapahuken er flott å sjå på og er om lag 15 kvadratmeter; 4,8 meter gonger 3 meter. Det einaste som står att er legging av torvplast og torv på taket, noko grendalaget skal gjere sjølve.