- Får gjere det vi har lært
Torsdag i førre veke laga HO-elevane ved Herøy vgs heimelaga lapskaus og fleire kaker til foreldre, besteforeldre, oldeforeldre og andre slektningar. – Det er viktig for oss å kunne gjere praktisk det vi har lært på skulen, fortalde tre av elevane til oss.
Seniorparty har vore ein tradisjon for elevane på Vg1 helse- og oppvekst i fleire år. Heilt nytt av året er at elevane denne gong også er med på det landsomfattande prosjektet «Livsglede for eldre». Prosjektet er ei nasjonal satsing allereie etablert i fleire kommunar, der Vg1-elevane i si undervisingstid skal arrangere samkomer og aktivitetar for eldre. Ein kan her vere med som samtalepartnar og gledesspreiar på ulike arenaer, både i og utanfor institusjonar.
- Dette er eit kjekt prosjekt for oss og vi trur det er sosialt for alle dei som har vore her i dag. Praksisarbeid er kjempeviktig, for då får vi sjølve sjå med eigne auge det som vi allereie har lært på skulen. Vi har samarbeidd godt i grupper i samband med å lage lapskausen. Vi håper at maten vart god, fortel Victoria, Joakim og Mathea.
- Dette var kjempebra
Victoria Reite Remøy og Joakim Kragseth frå Herøy, og Mathea Hoddevik Kobbenes frå Ulstein, var tre av elevane som hadde ansvaret for lapskausen til seniorpartyet. Maten var utan tvil ein suksess.
- Dette var kjempebra. Lapskausen og kakene var veldig, veldig gode. Vi hadde gleda oss til å kome til skulen i dag og vi er godt fornøgde, var ein gjengs kommentar frå mange av gjestane; foreldre, besteforeldre og andre slektningar.
Elevane var i planlegginga av seniorpartyet inndelte i grupper. Somme skulle lage brun saus og lapskaus heilt frå botnen av, medan andre grupper laga kaker, nokre pynta til fest, og ein annan gjeng laga program og quiz. På kakemenyen var der Pavlovakake, marsipankake, blautkake, gulrotkake og Brownies.
Ulike aktivitetar
For elevane er heile prosjektet med «Livsglede for eldre» nyttig lærdom og eigentleg god, yrkesfagleg praksis. Dei fekk også teste ut dei nye gule t-skjortene som dei har fått til prosjektet, med logoen «Livsglede for eldre» på.
I løpet av våren er det tenkt at elevane skal arrangere ein fest i Herøy kyrkje; i tillegg har dei planar om å besøke sjukeheimen med ulike aktivitetar.
Vg1 helse- og oppvekst har med andre ord masse praktiske gjeremål i skulesamanheng det siste halvåret.