Ester Sørdal Klungre fast tilsett som rektor ved HVS
Fylkeskommunen har siste tida tilsett tre nye rektorar, med Ester Sørdal Klungre permanent i stillinga som rektor ved Herøy vgs.
Helene Hanken (49) er tilsett som rektor ved Fagskolen i Møre og Romsdal, Ester Sørdal Klungre som rektor ved Herøy vidaregåande skule og Leif Magne Lervik blir ny rektor ved Molde videregående skole.
- Eg er audmjuk og glad for å ha fått jobben. Det skal bli spennande å samarbeide vidare med engasjerte og kompetente kollegaer på Herøy vidaregåande skule, der elevane står i sentrum for fagleg og personleg utvikling, fortel Klungre.
Klungre har vore tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune frå 1984, først i undervisningsstilling og som rådgjevar og OT-koordinator. Frå 2010 har ho hatt forskjellige leiarstillingar på Herøy vidaregåande skule. Klungre har vore konstituert i stillinga som rektor ved skulen frå desember 2018. Ho kjenner skulen godt og ser fram til å fortsette arbeidet som rektor.
- Vi skal halde fram med å utvikle skulen til ein viktig aktør i det å utdanne til rett kompetanse som regionen treng. Derfor vil samarbeid med lokalt næringsliv vere viktig. Vi har eit godt utgangspunkt for å verte endå betre både når det gjeld læring og resultat. Elevane våre trivast godt og kollegiet har eit stort engasjement både når det gjeld faga sine og den einskilde eleven sine målsetjingar. Å løyse oppgåvene saman vert viktig framover, seier Klungre.
Ester Sørdal Klungre har lærarutdanning og vidareutdanning i nordisk, engelsk, spesialpedagogikk, karriererettleiing, leiing og personalutvikling.
Du kan lese heile saka på mrfylke.no - https://mrfylke.no/nyheiter/tre-nye-rektorar-er-tilsett-i-fylkeskommunen