Elevane lærer programmering

Den siste veka har alle Vg1-klassene og Påbyggklassa på Vg3 fått ein introduksjon i programmering.

Skriv ut

Her har elevane fått prøvd seg på å kode spel, Micro:bit og fått ulike oppdrag som dei skulle kode, forske med, og løyse. Programmering i skulen er knytt opp til nødvendige ferdigheiter for det 21. århundre og det framtidige behovet for næringslivet som elevane skal bli ein del av. Utviklinga av det teknologiske samfunnet vi har i dag og i framtida, krev at vi har nokon som kan skape og produsere ved hjelp av forståing og kompetanse i programmering.