Ei matoppleving av dei sjeldne

Sist veke inviterte elevane i 2KO ved Herøy vidaregåande skule til familiemiddag i Restaurant Lykken ved Herøy vgs. Med snittkarakteren 5 blant elevane under praktisk eksamen i veka før, var det på ingen måte tilfeldig at matopplevingane denne kvelden var sjeldan gode.

Skriv ut

Noko som er litt meir uvanleg for skuleåret 2014 & 2015, er at samtlege elevar i 2KO er gutar. Kontaktlærar Ingebjørg Lyster har mange godord å seie om gjengen.

- Det er første gongen eg har hatt ei rein guteklasse på Vg2 kokk, og dei er knakande kjekke karar. Alle saman er arbeidsame, lærevillige og dei står verkeleg på. Bedriftene som får denne gjengen som kokkelærlingar dei neste to åra er faktisk utruleg heldige. Elevane har skikkeleg lyst til å gjere ein god jobb innanfor mat. Og akkurat det viste seg både i kveld og sist veke under eksamen. Eg trur ikkje vi har hatt snittkarakteren 5 på sjølve eksamensdagen før, fortalde ei imponert Ingebjørg.

Middag for næraste familie

Hovmeister Lennart Ekremsæter ønska næraste familiemedlemmer og lærarar velkomne til avslutningsmiddagen for året. Ikkje mindre enn 6 fantastiske rettar fekk gjestane oppleve denne kvelden, servert av ein svært dugande og mykje kvalifisert gjeng kokke-elevar.

Første rett ut var klassikaren skvalderkålsuppe med Focaccia-brød og ramslauksmør; nok ein gong ein stor hit for hungrige ganer. – Prestegardsugras er eit anna namn for skvalderkål, og det var tidlegare også sett på som ei forbanning. Vi ønskjer å vise at det er mykje meir enn det, introduserte Lennart før servering.

Dernest fekk vi servert nydelege kvalkjøtbollar og tomatsaus. – Denne retten vart testa ut første gong i fjor i samband med utstillinga Kaldt Hav, og det skulle vise seg å bli ein vinnar, fortalde Lennart vidare.

Hovudrett fisk var saftig, marinert laks med sautert spinat, raudlaukkompott, dampa brokkoli, choronsaus, sellerirot og potetpure, naturlegvis eit nytt høgdepunkt i regi av kokke-elevane.

Basilikum-sorbet som kvilerett

Som ein liten kvilerett fekk vi servert basilikum-sorbet før hovudrett kjøt. At ein kan lage is av basilikum er ikkje kjent for alle, men det smakte utruleg friskt og godt. Ein real appetittvekkjar på eit perfekt tidspunkt for kvelden.

 - Under eksamen spurte sensor om å få ei ekstra skei for å kunne supe i seg sausen som vi laga til hovudrett kjøt, så igjen, eg håper at maten smakar, sa Lennart. Heilsteikt oksefilet, nydeleg mørna og god, med tilhøyrande glasert sjalottlauk, dampa asparges, gulrotmos, omnsbakte rotgrønsaker, rødvinskysaus og omnsbakte båtpoteter, gjorde susen for middagsgjestane.

Prikken over i-en, for enkelte, på kveldens store matopplevingar var dessertfatet; ein eksplosjon av flotte fargar og utsøkte smakar. Elevane hadde lagt sin flid i å lage til tjukkmjølkspudding med bringebærcoulis og karamellkjeks, sjokoladefløterand med sjokoladesaus, sjokoladekake og forfriskande krydderglasert rabarbra, og crème brûlée og pepparjordbær. Heilt suverent!

- Stor takk til Ingebjørg

På vegne av elevane takka Lennart Ekremsæter kontaktlærar Ingebjørg Lyster for tida i lag på og utanfor skulen. – Vi ønskjer å sende ei stor takk til Ingebjørg. Vi er komne oss svært langt på grunn av ho, og det er sjølvsagt noko vi er veldig takknemlige for, sa han.

Avdelingsleiar for mellom andre kokkeelevane ved Herøy vgs, Solgunn Ulstein, avslutta med nokre ord til dei åtte karane. – Dette var kjempegod service og eg vil gjerne takke for nydeleg god mat. Desse karane står på og styrer alltid med noko dei gongane eg har kome opp på kjøkenet, og dei viser alltid ein veldig god innsats. Gratulerer med veldig gode eksamenar og lukke til vidare, fortalde avdelingsleiaren på vegne av Herøy vgs.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.