- Ei knallbra klasse!
1BA er ein aktiv og dyktig gjeng som arbeider og studerer godt i lag. – Det er kjempekjekt her på skulen og vi går i ei knallbra klasse med knallbra lærarar.
Det fortel William Seljeseth og Mats Jøsok Kvalsvik. Dei er to av 12 elevar som tok til på Vg1 bygg- og anleggsteknikk i august i år. To månader ut i skuleåret har dei rukke å ta del i mange spennande oppgåver på skulen.
- Eg er absolutt fornøgd med å vere her og eg likar meg kjempegodt, fortel herøyværingen Mats. – Ja, det er kjempekjekt og vi er komne i ei knallbra klasse med knallbra lærarar. Vi lærer mykje, fortel William frå Dimna i Ulstein.
Årets elevar ved 1BA er ein dyktig gjeng med stå-på-vilje. Denne veka held dei fram med arbeida som dei starta opp i august og september. Elevane fekk mellom anna vere med lærarane Ole Arvid Vesterdal og Magne Ulstein, då Ole Arvid høgde ned eit tre i nærleiken av skulen.
Av dette treet er det kome 3-toms grov villmarksplank; villmarkspanel som etter kvart vert til sitjebenkar i gapahuken på Heid. Frå det som var toppen av treet er elevane i ferd med å lage til eit bord med tre solide bein.
Elevar som både kan og vil arbeide
- Eg må få lov til å skryte av elevane. Dei er ein kjempeflink gjeng, ikkje noko tull og tøys; å arbeide er noko dei verkeleg kan. Ein flott gjeng, fortel læraren Ole Arvid Vesterdal.
- Vi gler oss til å ta til med Flåvær-prosjektet. Då får vi oss nokre turar utover dit til våren og det vert kjekt, trur Mats Jøsok Kvalsvik.
Dei 12 elevane som i år går på Vg1 bygg- og anleggsteknikk er Eric Frantzen, Krystian Gawinski, Ole-Martin Gjerde, Bernhard Gulbrandsen, Vilius Jurevicius, Mats Jøsok Kvalsvik, Erling Nerland, Rasmus Nygård, Oscars Raitums, William Seljeseth, Sebastian Skaar og Tobias Solvang.