- Brannen står ikkje og ventar
- Ting går veldig fort og vi må handle raskt. Brannen står aldri og ventar på at vi skal kome oss unna, fortalde Ole-Morten Hestetun i RESQ Kristiansund til Herøy vgs sine elevar.
Elevane i 1NA, 2MA1 og 2MA2 har i veke 36 grunnleggande sikkerheitsopplæring for sjøfolk (IMO-60), 2 dagar ved Herøy vgs og 3 dagar med opplæring i Kristiansund. Branndagen tysdag 2. september er ein del av sikkerheitskurset; der elevane får lære å kjenne til farane ved brann, korleis ein brann kan utvikle seg og korleis ein sløkker den.
- Er der nokon som kan gi meg døme på brannfarar i maskinrommet? spør Ole-Morten Hestetun elevane. – Olje og smøreolje, svarar nokre av elevane. Brannfarlege væsker, klutar og filler som ligg rundt omkring kan også vere potensielle brannfarar.
Varmt arbeid som sveising, skjering og lodding kan også fungere som moglege tennkjelder.
Hald orden!
Hestetun opplyser at det å halde orden og ryddigheit er svært viktig, anten det er i maskinrommet, på byssa, i lugaren eller i lasterommet. Skulle det oppstå tillaup til brann, er det ein klar fordel å halde orden på arbeidsplassen sin. – Om ein brann oppstår, så er det viktig å sikre arbeidet. Sikre deg sjølv og meld i frå, fortel Hestetun.
- Vi har mange elektriske apparat på båten og i lugaren. Gneistar frå elektriske installasjonar kan leie varme på opptil 3000 grader Celsius. Hald orden! God orden hindrar uhell, seier han.
Og elevane følgde godt med i det som Hestetun frå RESQ Kristiansund fortalde. Det vekelange kurset er obligatorisk for dei som ønskjer å arbeide på skip.
Elevane på naturbruk og maritime fag får kursutgiftene dekka og kurset er ein del av utdanninga som dei får ved Herøy vgs.