Besøk av kommunepsykologen og Amathea
I samband med VIP-prosjektet, fekk HVS sine Vg1-elevar besøk av Amathea og kommunepsykologen måndag 23. oktober.
VIP-tiltaket (Veiledning og Informasjon om Psykisk helse hos ungdom) baserer seg på eit undervisingsopplegg for elevane på 3 + 2 timar, der dei to siste timane er møte med helsepersonell.
Kommunepsykologen Ivar Ørstavik snakka i lag med elevane om mellom anna det å ha ei god psykisk helse. Psykiske sjukdomar kostar samfunnet milliardar av kroner, og tidlege tiltak er ofte det som nyttar mest.
Viktig å høyre til
- Å høyre til eit fellesskap som til dømes familie og vener, det å vere trygg, og å ha identitet og sjølvrespekt, er viktige faktorar for god psykisk helse. Ein god vaksen-barn relasjon er viktig, og det å vere i fysisk aktivitet i minst 2 timar i veka, reduserer sjansen for depresjonar med 63%, fortalde Ørstavik.
Der er naturlegvis fleire andre faktorar som påverkar den psykiske helsa vår, men å føle at ein har verdi for seg sjølv og andre, står ofte sentralt.
Frå Amathea på Moa, fekk elevane besøk av jordmor Sara Wiik og psykiatrisk sjukepleiar Wenche Marita Sande. Amathea er ei landsdekkande helseteneste som arbeider i høve lov om svangerskaps-avbrot. Wiik og Sande snakka om graviditet og abortspørsmål, sexpress blant ungdom, prevensjon og generelt om seksuell helse.
Helsefremjande
Amathea er hjelpsame for alle tenåringar og skuleungdom som treng hjelp i høve desse spørsmåla og liknande utfordringar.
VIP er eit helsefremjande og universalførebyggande tiltak som rettar seg mot elevar i vidaregåande skule, primært ungdom i alderen 16 til 17 år.
Hovedmålet for programmet er å gjere elevane betre rusta til å ta vare på si eiga psykiske helse og bli merksame på kva hjelpetiltak dei kan oppsøke ved psykiske problem og lidingar. VIP er ein av fem intervensjonar i satsinga «Psykisk helse i skulen».