1BA på tur
Tirsdag den 06.06.2017 for 1BA på tur. Vi køyrte inn på Nordfjordeid og såg på vikingskipet som dei held på å bygge. Vikingskipet er også kjent som Myklebustskipet.
Det er Norges største vikingskip, det er 30 meter langt. Skipet vart brent for å heidre ein høgt akta viking, men restane dei fann fra det, viser at det er det største som har blitt funne. Dei regnar med å bli ferdig med prosjektet til 2019. Dei brukte ein spesiell type furu fra Bjørkedalen til materiale. Denne furua er spesielt god for båtbygging. Vi høyrde på eit foredrag der dei snakka om vikingskipet, korleis dei fann skipet og historia bak. Deretter fekk vi høyre planen om bygginga av vikingskipet og bygget som skipet skal stå I.
Etter at vi hadde vore og sett på vikingskipet køyrde vi til Stryn der vi tok oss ein liten matpause, før vi besøkte Meland Sag og Høvleri i Stryn. Der snakka dei om korleis dei saga ut materiale og om forskjell på trea som er på kysten og dei som er inne i landet. Trea langs kysten har meir malm enn trea inne i landet. Det er for at trea ved kysten er utsett for meir vind, regn og meir kraftig ver enn trea inn i landet. Dei hadde ein liten skog dei kunne sage frå sjølv, men dei tok mest bestilling av tre, og saga sjølv om det var ei spesiell bestilling. Vi såg også kor nøye dei gjorde arbeidet. Med å snu kvar planke, sjekka dei korleis dei skulle få materialet til å bli best mogleg.
Etter vi var på sagbruket gjekk vi ned og grilla ved Strynsvatn. Nokon bada også. Vi grilla hamburger, pølse og etter vi hadde ete oss mette, starta vi på turen heim igjen. Det var ein veldig lærerik og kjekk dag.
skrive av Rasmus for Vg1 bygg- og anleggsteknikk